lørdag 10. januar 2009

Dette meiner TGP om teater Innlandet

I anledning opprettinga av teater Innlandet har The Great Pretenders skrive eit høringsnotat før behandlinga av saka i Oppland fylke. Notatet er skrive med utgangspunkt i G.T. Lossius' utredning "profesjonalitet og samarbeid" av oktober 2008. Her fylgjer smakebitar:


Om regionkontor: "Vi meiner, i motsetning til Lossius at regionkontora bør vidareføres, og at eventuelle strukturelle endringar vil kunne gjerast innanfor rammene av dei eksisterande kontora. Å nedlegge teateraktivitet i regionane er ikkje å skape mest teater for flest mogleg. "

Om oppretting av lokaler på Hamar: "Utfordringa ligg i å få høg nok kvalitet på det ein fyller scena med, og ressursane bør nyttast til det, ikkje til eit hus. Dessutan kan nytting av alternative scener og stadsspesifikt teater vera med på å bringe teatret til nye rom rundt om i distrikta, og stadsspesifikt teater har også ein eigenverdi i form av å vera ein moderne og alternativ teaterform. "

Om kunstnarisk tilpassing til publikum: "I sluttrapporten står det at ”de kunstneriske valgene som gjøres må være tilpasset et publikum med stor variasjon i preferanser, kunstsyn, kunnskapsbakgrunn og alder”. Dette meiner vi er ein skummel konklusjon, og vi meiner det er viktig å ikkje undervurdere publikum, men heller å utfordre dei. Ein må stole på at godt teaterhandtverk er interessant for folk."

Om samarbeid i inn- og utland: "Samarbeid og co-produksjonar med nye, spanande aktører så vel i Noreg som internasjonalt vil vera viktig for oppretthaldinga av teater Innlandet som eit dagsaktuelt og interessant teater også i framtida. Dersom teater Innlandet i tillegg satsar på faste produsentar heller enn regissører, vil det også vera med på å styrke mangfaldet i produksjonane teatret skaper, og det vil gjera teatertilbodet meir spanande for publikum. "


Heile notatet kan du få tilsendt ved å sende ein kort e-post til tgpteater@gmail.com

Kontaktinformasjon

Send ein e-post til tgpteater@gmail.com eller kontakt oss på tlf 40 28 43 05