The Great Pretenders ungdomsteater er ein sjølvstendig del av The Great Pretenders DA, og driv ungdomsteater av og med ungdom i Gudbrandsdalen, Oppland. Gjennom sju aktive år har TGP produserd
"Skeiv", "Macbeth", "Vildanden", "Bortafor, utafor", "Hedda Gabler" og "Ti små soldatar". Framover vil The Great Pretenders ungdomsteater arbeide mot nye forestillingar med ungdom i Gudbrandsdalen.
Sjå elles nettsida www.thegreatpretenders.no for TGP DA.
(f. 1982) har arbeidd som regissør i mange år, og har hatt regi på alle The Great Pretenders' produksjonar. Han er utdanna frå kunsthøgskolen i Amsterdam ved BA Mime. Han har i tillegg gått BårdarAkademiet og Skolen for samtidsdans og vore Artist in Residence på Peer Gynt-stevnet 2009. www.øysteinjohansen.no
Regi og koreografi: Marie Nikazm Bakken
Marie (f.1988) arbeider som scenekunstnar, og har utdanning frå Skolen for Samtidsdans. Regi og koreografi på "Ti små soldatar" med The Great Pretenders. Er og utøvar i TGP DA.
Regi: Marie Othilie Hundevadt
Marie (f.1985) arbeider som frilans skodespelar, og er utøvar i The Great Pretenders DA. Ho har ein treårig teaterutdanning frå Høgskolen i Oslo, og har regi på "Ti små soldatar" med The Great Pretenders.
Kostyme: Fredrik Staum Floen
Fredrik (f. 1988) går på Kunst og design ved Høgskolen i Oslo, og har også to års teaterutdanning. Han har hatt kostymedesign på TGP DA si forestilling "Kretsløp", og på "Ti små soldatar" med The Great Pretenders ungdomsteater.
Teknikk: Dag Arnesen Gjertsen
Dag (f. 1986) er utøvar i TGP DA, og har treårig teaterutdanning frå Høgskolen i Oslo. Han har ansvar for teknikk og special effects på "Ti små soldatar" med The Great Pretenders ungdomsteater.
Musikk: Hans Kristen Hyrve
Hans Kristen (f.1985) er journalist i NRK P2, og jobbar i tillegg som frilans musikar og komponist. Han har lagd musikk til TGP DA sin produksjon "Kretsløp", og skal lage til "Ti små soldatar" med TGP ungdomsteater.
Maja Bekken
Maja (f.1990) er utøvar i TGP DA, og sit i styret for The Great Pretenders ungdomsteater. Ho går no på Høgskulen i Nord-Trøndelag på skuespillerutdanningen, og er med i "Mord til middag"-prosjektet til TGP DA.
Martin Flatmoen
Martin (f. 1993) er styremedlem i The Great Pretenders ungdomsteater, og han er utøvar i ungdomsteatret sin produksjon "Ti små soldatar". Til dagleg går han på Nord-Gudbrandsdalen vidaregåande skule, studiespesialisering.
Organisasjon
Styreleiar og økonomiansvarleg: Marie Othilie Hundevadt